Omega Design logoOmega Design logo

Toyni brenn for digital marknadsføring

Illustrasjon av prosjeket

Toyni Tobekk har lang erfaring med innhaldsproduksjon, sosiale medium og digital marknadsføring. No kjem ho frå ferske studier i digital marknadsføring og kan gi kundane våre mange gode tips til bruk og effekt av digitale flater. Tidlegare har Toyni jobba som journalist, web-utviklar og kommunikasjonsrådgjevar i mange år, og har tidlegare vore tilsett i Norsk Plan, som i dag er Omega Design. Dei siste åra har ho og fått med seg verdifull kompetanse på å vere kunde hjå ulike kommunikasjonsbyrå.

- Eg brenn for gode opplevingar på nett og er oppteken av brukarvennlegheit i eitt og alt. For meg er det like viktig at språket er til å forstå som at tekniske løysingar er enkle å bruke. Eg er samstundes oppteken av marknadsmiksen, at alle tiltak me gjer må henga saman med kvarandre og snakke same språk. Nettsida er og blir mitt foretrukne digitale medium. Sjølvsagt; den er jo trass alt navet i det digitale kommunikasjonshjulet, meiner Toyni.

Den siste tida har Omega Design styrka breidden og kompetansen innan innhaldsproduksjon, journalistikk og kommunikasjonsrådgjeving med nyleg tilsette filmfotograf Elin Sørheim og journalist Kristian Risanger. Med Toyni Tobekk på laget satsar ein også ytterlegare på å kunne gi kunden ein totalpakke der digitale flater står i sentrum.

- Me er veldig glade for å få Toyni med på laget att i Omega Design. Mange bedrifter syns det kan vere vanskeleg å orientere seg i det digitale landskapet. Kva flater bør ein vere på, og kva effekt får ein ut av den innsatsen ein legg ned? Toyni har mange gode tips og triks om kva ein bør satse på i digital marknadsføring, meiner dagleg leiar i Omega Design, Astrid Eidhammer Hjelmeland.

Toyni bur på Hebnes i Suldal, der ho og mannen driv gard i tillegg til at dei har bygd opp Ryfylke Fjordhage som tilbyr små hytter med eigen hageparsell til dei som ynskjer den gode hytteopplevinga i Suldal.

- Det er nyttig kompetanse, eg ser etterkvart kor viktig det er for kunden at ein blir lytta til, slik at rådgjevaren og byrået tar seg tid til å setje seg inn i kunden sin kvardag. Det er grunnleggande for å skape gode resultat, meiner den digitale rådgjevaren som no gler seg til å møte nye kundar gjennom Omega Design.

Toyni skal jobbe med kartlegging og rådgjeving innan digitale flater og sosiale medium, i tillegg skal ho arbeide med innhaldsproduksjon og kommunikasjonsrådgjeving.

- Toyni har svolten på å finne gode løysingar for kunden, og har ei genuin interesse for å fylgje med i den digitale utviklinga, der både verktøy, flater og konsept stadig blir meir tilrettelagt for den som vil marknadsføre seg breitt, slår Astrid Eidhammer Hjelmeland fast.

Publisert
Judith Sørhus Litlehamar
Publisert
4/11/2019
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN