Omega Design logoOmega Design logo

Sauen Egil marknadsfører Ryfylke

Illustrasjon av prosjeket

Det er Ryfylkealliansen som står bak kampanjen, og Maren Landsnes i KV Bygg Suldal er kvinna bak ideen og konseptet. Me har fått lov til å jobbe tett saman med Maren for å utvikle Egil til å bli ein tydeleg marknadsførar av regionen, og ikkje minst for å lage innhald til dei ulike kanalane der kampanjen no skal leve vidare.

Du vil aldri treffe Ryfylkesauen Egil i fysisk form, Egil skal kun leve i sosiale medium - men her skal han derimot gi inspirasjon om jobbar, bustadtomter, hus, barnehageplassar og fritidsaktivitetar i regionen. Ei av Egil sine viktigaste oppgåver er også å svare på spørsmål som kjem inn om Ryfylke. Apple har Siri, Ryfylke har Egil!

Alle bilete som viser Egil i aksjon er verkelege bilete, her er ingenting redigert i etterkant, sauen har brillene på hovudet og prøver seg i ulike situasjonar som er typisk for livet i Ryfylke. Photoshoot med ein ekte sau krev god planlegging, her er det også naturleg at bonden er med, for å sikre at alt blir lagt til rette på sauens premiss. Me har hatt med oss dyktige Fotograf Nordtveit på laget for å skape dei rette bileta.

Saman med prosjektleiar Maren Landsnes har me utvikla køyreplan for kampanjen, fokusområde me ynskjer å vise fram, bilete både med Egil og bilete der me viser Ryfylke gjennom Egil sine auge/briller, samt tekstinnhald til dei ulike kanalane.

Egil er godt synleg på Ryfylkealliansen si Facebookside, har eigen Instagramkonto og eigen epostadresse der folk kan kontakte sauen direkte. Egil er i ferd med å bli ein snakkis, og me håpar konseptet og kampanjen vil setje Ryfylke på kartet.

Me ynskjer lukke til - og ser fram til spanande tider framover - saman med Egil og gjengen i Ryfylke!

Følg Egil på Facebook!



Publisert
Judith Sørhus Litlehamar
Publisert
31/5/2019
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN