Rysteg satsar på bakeri

Illustrasjon av prosjeket

Arbeids - og inkluderingsbedrifta Rysteg har opna bakeri i Sauda som osar av både godlukt og flotte verdiar. Rysteg arbeider for at alle skal oppleve mestring og arbeidsglede, og bakeriet blir ein viktig arena for mange av dei tilsette i bedrifta. Bak arbeidet ligg verdiane; tryggleik, respekt, utvikling, likeverd og stoltheit.

Grafisk profil og identitet

I samband med nytt bakeri ynskte Rysteg å få laga ein grafisk profil som var ein tydeleg identitet for eit bakeri som leverer lokalmat med stoltheit og arbeidsglede, dette er ein arbeidsplass med ekte bakeglede. Me designa ein enkel og rein logo som gjer den tradisjonell, samstundes som den har eit stramt og moderne uttrykk. Den enkle og reine stilen gjer den lett å bruke i alle samanhengar, om det er på forklede, skilt, trykksaker, bildekor med meir. Logoen passar også godt til det tradisjonsrike huset bakeriet held til i, med smijernsskilt på veggen.

Profilmanual

Me har også laga ein profilmanual til Rysteg Bakeri, som set element, fargar og profilbruk i system. Fargane i profilen går frå svart til mørke bruntonar mot mot lys brun, noko som gir den eit rustikt, lunt og koseleg uttrykk. Bruntonane gir også ein varm og god atmosfære, og assosiasjonar til det rustikke med korn, mjøl og bakverk.

Rysteg Bakeri ønska også å få laga ei ordsky med nokre ord som skildrar bakeriet og menneska som jobbar der.

Ordsky med verdiar

Ordskya består av orda: Ekte, Bakerglede, Stolthet, Lokalmat, Unik, Naturlig, Respekt, Muligheter, Arbeidsglede og Miljøbevisst. Ordskya er mellom anna montert opp på ein av veggene inne i bakeriet, slik at verdiane blir godt synlege, også for gjestene.

Me ynskjer Rysteg Bakeri lukke til - og gler oss til å kome innom for å smake på den gode baksten!

Publisert
Judith Sørhus Litlehamar
Publisert
18/12/2019
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN