Sauda Golfklubb er blitt ny på nett

Illustrasjon av prosjeket

Ein må hugse at det ikkje berre er ski og snowboard som er populært i Sauda. Dei har og ein flott tilrettelagt golfbane snaue tre kilometer utanfor sentrum. Her har Omega Design bidratt med ny nettside.

Målet med den nye nettsida er å nå ut til egne medlemmer på ein betre måte, i tillegg til å satse meir på rekruttering av nye medlemmer.

- Mange trur at golf berre er for pensjonistar, det stemmer ikkje. Det er ein sport alle kan lika. Det er sosialt, kjekt og så er det ein god og enkel måte og trene på. Me vil med denne nettsida vise fram alt det positive golf har å tilby til folk der ute i tillegg til å vise fram all aktivitet i klubben. Sauda Golfklubb jobbar med å nå ut til eit yngre publikum og rekruttere dei til golfklubben, og det håpar eg verkeleg at denne nye nettsida kan bidra med, forklarer Terje Hodne, designar og web-utviklar i Omega Design, som har stått for utviklinga av den nye nettsida. Han er sjølv ein engasjert golfspelar og medlem i Sauda Golfklubb.

Det er ikkje berre nye medlemmer Sauda Golfklubb er ute etter. Dei ønskjer også nye besøkande velkommen.

- Banen ligg i fine omgjevnader og det er ein veldig god bane. Me vi gjerne ha fleire besøkande utanbygds frå til å komme å prøve ut banen. Med den nye nettsida er det lett oversikteleg når banen er open så det er berre å stikke innom.

Tilpassa moderne tider

- Det er veldig viktig å tilpasse oss tida, spesielt med tanke på dette med mobiltelefonar og nettbrett, men også det at folk brukar større skjermar i dag. Det er viktig at nettsidene er tilpassa dette, fortel Hodne.

- Det å ha ei bra nettside er viktig uansett om ein er ein klubb, organisasjon eller bedrift. Ein kan vere ein moderne klubb med flinke folk og som er gode på aktivitetar, men dersom ein ikkje har rette kanalar blir me vanskelege å finne. Det handlar om å vere attraktiv og vise fram alt det bra ein har, understrekar Hodne.

Den nye nettsida er oversikteleg og enkel å bruke. Her finn ein opningstider for banane, informasjon rundt turneringar, kurs og trening. Ein finn enkelt prisar og  korleis ein kan bli medlem, i tillegg er det ein eigen aktueltkategori som jamleg legg ut nyheiter og generell informasjon rundt klubben.  

Det er omlag ti år sidan den gamle nettsida blei laga og det er mykje som er annleis i forhold til 2010. Nå har nettsida til Sauda Golfklubb har fått eit betydeleg ansiktsløft både på utsjånad og det funksjonelle. Sida er responsiv og er tilpassa større skjermar og har ein heilt anna funksjonalitet.

- Det er meir innhald i databasen som forenklar det å legge ut saker, slik at det blir lettare for Sauda Golfklubb å få ut innhald som er meir lesarvennleg og presentabelt.

 

Ønsker du meir info om nettsider kan du kontakta oss her

Publisert
Kristian Risanger
Publisert
29/4/2020
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN