Designar Linn-Henny er ny på laget

Illustrasjon av prosjeket

Linn-Henny har alltid hatt ei interesse for teikning, form og korleis ein kan kombinere det estetiske med tekniske løysingar. Som lita jente var teikneblokka aldri langt vekke, og framleis hugsar ho korleis ho utforska Windows 95 heilt i starten av den digitale reisa.

- Eg laga animasjonsfilmar, og syns det var kjempekjekt å lære nye ting. Eg vart tidleg glad i knutepunktet mellom grafisk design og dei digitale flatene, det er kjempespanande, fortel Linn Henny. Ho vektlegg at det å kunne lytte til behova til kunden og klare å løyse  utfordringane til kunden på den beste måten er noko av det viktigaste å tenkje på som designar.

- Og ein må henge med i den faglege utviklinga, slår designaren fast. Skal ein kunne levere gode produkt må ein vere oppdatert. Det er ikkje så mange år sidan ein ikkje såg dei storelinjene mellom designuttrykk og teknisk utvikling, no er det heilt naturleg at dei to fagfelta høyrer saman, meiner Linn-Henny.

Variert kvardag

Sjølv om ho berre er 31 år har ho allereie opparbeida seg lang erfaring. Etter utdanning som grafisk designar i 2011,  har ho jobba som lærar i tillegg til at ho dreiv sitt eige frilansfirma som designar. Frå 2017 jobba ho som marknadskoordinator og nettansvarleg i skobutikken Mani.

- Der fekk eg jobbe med mange ulike kanalar, eg koordinerte innhald til sosiale medium og arbeidde blant anna med å utvikle nettsidene. Eg likar å jobbe breitt med kommunikasjon, og ikkje minst måle kva tiltak som gir god effekt.

- Eg er ein av dei som likar statistikk veldig godt, det meste kan målast, meiner Linn-Henny og ler. Ho veit godt at måling og oppfølging av resultat gir ein ekstra verdi for kunden.

Å finne fram til det spesielle uttrykket ei spesifikk bedrift treng i kommunikasjonen sin er ei av gledene i jobben. Det tar gjerne tid å bygge opp unike merkevarer, men det er verdt det, meiner ho. Vanskelege og komplekse bodskap blir gjerne enkelt og reint framstilt når designaren har sett seg ned med idear og teikneblokk. Linn-Henny er glad i ein variert kvardag og set pris på at arbeidsoppgåvene vekslar frå grafiske profilar, til merkevarebygging eller nettsideutvikling.

- Ei god nettside er veldig viktig for bedriftene. Sjølv om ein er god i sosiale medium så treng ein ei landingsside der ein lett kan finne ut kva bedrifta kan tilby. Og innhald er viktig å få på plass, mange tenkjer at det skal dei fikse sjølv, men ofte kan det vere lurt å hente inn hjelp til den jobben.

Den gode ideen

- Eg likar jo menneske og blir gjerne inspirert av menneskemøte og nettverksbygging. Faglege nettverk kan stimulere til at ein utviklar seg fagleg, og ikkje minst treff flinke folk. Ein kan lære mykje av å vere saman med andre, meiner ho.

Men ho finn og kreativitet og nye idear i gode timar med matlaging ved kjøkkenbenken, eller gjerne ute på tur i naturen. Det handlar om å finne gode pustehol der ein kan la tankane flyte fritt.

- Den gode ideen kan vere det aller viktigaste som dukkar opp i eit prosjekt, mykje av det andre det på plass når ideen er klar.  

Publisert
Judith Sørhus Litlehamar
Publisert
21/9/2020
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN