For Tomteselskapet Etne er det viktig å vise fram mangfaldet av tomter i området - dette skal Vise igjen både på nettsida og i den visuelle profilen.
Omega Design utvikla ny nettside for Tomteselskapet Etne,
der utgangspunktet var legge til rette for at publikum får god og utfyllande
informasjon om tilgjengelege tomter i Etne. Då me utarbeida logoen og den
visuelle identiteten var tanken at den skulle seie noko om at
Tomteselskapet Etne er framtidsretta og har eit mål om at fleire folk skal
kunne busetje seg på bygda.
Ta ein kikk på den nye nettsida her.
Me takkar for oppdraget!