Nettside for Ryfylke IKS

Illustrasjon av prosjeket

Me har laga ny nettside for Ryfylke IKS

Ryfylke Interkommunale Selskap (Ryfylke IKS) står bak Merkevara Ryfylke og nettstaden ryfylke.no. Dei var nå klare for å samla Ryfylke IKS, Ryfylkealliansen og Ryfylkefondet under ein felles paraply og felles nettside, for å bli meir tilgjengelege og synlege både blant næringsliv, politikarar, innbyggjarar og besøkande.

Me har i tett dialog med Ketil Barkved i Ryfylke IKS, bygt opp ei nettside der det skal vera lett å få tilgang til aktuelle nyhende, kontaktpersonar eller informasjon som er nyttig dersom du er interessert i besøkja regionen.

I tillegg har me forenkla profilmanualen for Merkevara Ryfylke, slik at det skal vera lett for medlemmer å vite korleis dei skal bruke Ryfylke-taggen i profilering via eigne kanalar, og korleis ein ikkje skal gjera det.

Publisert
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Publisert
24/10/2018
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN