Omega Design logoOmega Design logo

Næringsmagasinet Mitt Ryfylke er 5 år

Illustrasjon av prosjeket

Næringsmagsinet Mitt Ryfylke har feira 5-årsjubileum i år. Feståret har me brukt til å uvikle magasinet.

Dette jubileet har me markert med nytt design i magasinet, og ny redaksjonell struktur der me no fokuserer på to temakommunar om gongen. No er årets julenummer ute, og me håpar de får ei god lesestund. Tilbakemeldingar og tips til innhald set me stor pris.  

Les Mitt Ryfylke - magasinet her!

Dette magasinet
I dette magasinet er det Hjelmeland og Finnøy som er temakommunar. Me møter arkitekten Gordon Sunde på Fogn som legg sjela i husteikningane sine, og me får innblikk i ny teknologi hjå Grieg Seafood, kreativiteten hjå blomeverkstaden Spirå og matgleda hjå Fjellam frå Ryfylke. Me får også eit møte med steinindustrien hjå Norstone i Årdal og tomatprodusenten Håvard Skavland på Talgje. I tillegg møter me gründeren Terje Gundersen som etter åtte år med arbeid endeleg kan lansere sitt eige leiketøysmerke, BeljoToys.

Temakommunar
I dei tre årlege utgåvene kjem me tettare på temakommunane, og me får sjans til å ha fleire lokale saker på ein gong. Dette meiner me er ekstra kjekt både for lesarane og annonsørane. I tillegg til fleire reportasjar frå kvar kommune sikrar me også at me i kvart magasin har reportasjar og glimt frå andre Ryfylkekommunar. Me ynskjer at næringsmagasinet skal leve tett på lesaren, både i og utenfor regionen, og håpar med dette me kan gi dykk eit endå betre innsyn i kva som rører seg i Ryfylke.

Digital utgåve og Facebook
I tillegg til den trykte utgåva har me og digitalmagsinet, mittryfylke.no, der nye og gamle saker er tilgjengelege for alle. På Facebook har me godt over 2000 følgjarar, noko som gir oss eit breidt nedslagsfelt og mange lesarar.

Utvikling
Me ynskjer stadig å utvikle næringsmagasinet vårt - me skal bli endå betre på å finne pulsen og gi dykk som lesarane eit godt og autentisk møte med folk og bedrifter i Ryfylke. I redaksjonen ser me fram mot eit spanande år i 2019 - tips oss gjerne om kva du brenn for i regionen.

Tusen takk for året som har gått! God jul til alle samarbeidspartnarar, lesarar og annonsørar!

Publisert
Judith Sørhus Litlehamar
Publisert
29/3/2019
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN