Omega Design logoOmega Design logo

Me satsar på podcast

Illustrasjon av prosjeket

I Omega Design har me etterkvart fått god erfaring med å spele inn podcastar, både med lyd og film som igjen kan bleste podcastane i sosiale medium. I tillegg til å bistå kunder som ynskjer å setje dagsorden med sine næringsaktuelle saker finn du også vår eigen podcast der du høyrer podcast til vanleg, i episoden vår om sosiale medium kan du lære meir om kva marknadsføring som eigentleg trengs for ei lita eller mellomstor bedrift. Me bidreg med tips, drøs og humor rundt det som er vårt fagfelt, og som me veit mange bedrifter lurer på.

- For Omega Design er podcast-satsinga ein av dei kanalane me har til å formidla gode historier. Med ein solid breidde i kompetansen vår som eigne journalistar, kommunikasjonsarbeidarar og film- og fotoredigerarar kan me stå for konseptutvikling, innhald og gjennomføring. Alt i saman med gode samarbeidspartnarar som ABC lydstudio og ikkje minst kundane og oppdragsgjevarane våre, fortel dagleg leiar i Omega Design, Astrid Eidhammer Hjelmeland. Ho er også ei av røystene du kan høyre i Omega Design sin eigen podcast.

Stemmer frå næringslivet

Medvind24 Næringshage og Suldal Vekst er to næringsutviklingsaktørar som i den siste tida har satsa på podcast. I Medvind24 sin podcast Vindkast er me med på heile prosessen som programleiar, filming, redigering og blesting i sosiale medium. I podcasten Heilt Sjef som Suldal Vekst gir ut er me med som sparringpartner og side-programleiar.

- Podcast berre veks og veks og det er noko alle kan nytte og som du kan høyre når og kor du vil. Det er berre eitt av mediuma som verkeleg er i tida i forhold til digital kommunikasjon, me er heldige som får lov til å være med å lage dette saman med både Medvind24 og Suldal Vekst, meiner Hjelmeland.

Podcasten Vindkast blir spelt inn hjå ABC-studio i Etne som står for både opptak og redigering for den. Vindkast har to faste programleiarar i Merete Vårvik Matre og Maria Djuve Vågen som under kvar innspeling får besøk av personar frå næringslivet som fortel sine historie.

Episodane famnar breitt og kan variere frå bedriftsfokus til generelle tema som er relevante for næringsliv og innbyggjarane i kommunane. Podcast vart ein anna type kanal å vise fram det varierte og samansette næringslivet i kommunane, og har gjort seg gjeldande med omlag 300 avspelingar per episode. Ny episode kjem kvar månad.

- Gjennom arbeidet vårt i Medvind Næringshage og medvind24.no har vi komme i kontakt med så utruleg mange interessante bedrifter og menneske. Mange av desse har gode erfaringar og historier å dela, og meiningar å formidla. Tanken byrja med å henta inn kronikkar og innlegg frå folk og bedrifter i distriktet vårt, men mange av desse eldsjelene og gründarane gjer seg klart betre munnleg enn skriftleg, og då kom tanken om podcast. Og så er det noko med å få høyra folk fortelja historiene sine, erfaringar og meiningar med sine eigne ord, fortel programleiar i Vindkast og dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre.

I Vindkast er Omega Design med både i det redaksjonelle og i drifta.


Begeistre og inspirere

Podcasten Heilt Sjef blir gitt ut av Suldal Vekst, og speglar næringslivet med sine utfordringar og gleder i Ryfylke. Frontfigur i podcasten er dagleg leiar i Suldal Vekst, Laila Steine. Ho har med seg gjester i studio og tar opp aktuelle tema i bedriftshistorier. Omega Design og Judith Sørhus Litlehamar er med som ein ressurs i programleiarrollen.Suldal Vekst har så langt gitt ut to podcast-episodar, begge med gode lyttartal.

- Podcast er ypparleg til å dele kunnskap, halde seg oppdatert, bli inspirert og underhaldt. For vår del handlar det mest om at podcasten til Suldal Vekst kan gi lokalt næringsliv ei stemme på ei plattform som ikkje finst lokalt frå før. Ein stad å dele erfaringar, begeistre og inspirere og bli kjent med dyktige bedriftsleiararar og -eigarar på ein annan måte enn å berre lese om dei, forklarar dagleg leiar i Suldal Vekst, Laila Steine.

Podkasting er ein måte å publisere lyd eller videopptak på internett. Ordet «podcast» blir også brukt om sjølve radio- eller TV-programmet som blir delt. Podcast har utvikla seg til å bli eit lågterskel-medium for bedrifter, organisasjonar eller privatperson som ynskjer å vere med på å setje dagsorden med sine saker. Det er mange publiseringskanalar for podcast, den mest kjende er Spotify. Opp mot 40 prosent av befolkninga høyrer på podcast månadleg. (Kjelde: Aftenposten)


Publisert
Kristian Risanger
Publisert
27/3/2020
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN