Marie brenn for gode design-løysingar

Illustrasjon av prosjeket

Designaren har brei erfaring frå fleire fagfelt, og har allereie ein imponerande CV bak seg med blant anna stillingar som prosjektleiar i tekstbyrå, turveileiar i Stavanger Turistforening og ikkje minst som festivalsjef for Sørøyrocken. No har suldalsjenta og kjærasten frå Sandeid busett seg i Ølen, då passa det godt at det opna seg moglegheit for jobb i Omega Design.

- Eg trivst veldig godt her, både med jobben og bu på landsbygda igjen. Då eg var yngre så var det bylivet som freista, men no var me klare for noko anna, seier Marie.

I Omega Design skal 30-åringen jobbe med design og prosjektleiing, og er allereie godt i gang med fleire prosjekt.

Tett på kundane

Etter eit år på folkehøgskule der reiselysta til Marie vart vekka for alvor, vart det studiar i reklame og merkekommunikasjon på Norges Kreative Fagskole (Høyskolen Kristiania), før ho sette kursen mot Australia for å fullføre bacheloren.

- Eg har alltid vore glad i å reise, så studiar i Australia vart eit naturleg val for meg. I løpet av tida her retta eg interessa meir frå reklame og over mot visuell kommunikasjonsdesign. Eg likar godt å kunne produsere noko konkret, forme dei ideane som er komne fram og finne fram til det rette utrykket, det er nok den delen av faget som passar meg aller best, meiner ho.

Oppveksten på Sand i Suldal har gitt henne både glede over kortreiste naturopplevingar og meir eksotiske reisemål. Etter ferdige utdanning i Australia reiste ho heim til jul, før ho sette kursen rett tilbake for å oppleve meir av kulturen og samfunnet, den perioden finansierte ho med å jobbe på sjokoladefabrikk. Då ho var klar for å reise tilbake til Noreg og Oslo vart det jobbing på kafe før ho starta opp som prosjektleiar i eit tekstbyrå.

- Her koordinerte eg tekstarbeidet og såg til at prosjekta kom vel i hamn. Eg likar godt å vere tett på kundane og fylgje opp prosjekta slik at ein kjem ut med eit resultat alle er nøgde med.

Svolten på nye utfordringar

Marie er svolten på nye utfordringar og ser samanhengen mellom dei kreative prosjekta på jobb og vala ho har tatt i utdanning og jobb. Etter tida som prosjektleiar i tekstbyrå valde Marie å ta eit år med friluftslivstudiar ved Norges Idrettshøgskole.

- Det kan jo umogleg bli eit bortkasta år, tenkte eg. Når ein er på tur med folk over lang tid kjem ein tett på dei og lærer mykje om korleis folk fungerer saman. Det handlar om å skape relasjonar dette og.

Det var og her Marie møtte kjærasten frå Sandeid. Det var og den spontane delen av Marie som takka ja når ho seinare fekk spørsmål om å bli dagleg leiar for festivalen Sørøyrocken som blir arrangert i fiskeværet Sørvær på Sørøya.

- Eg har jo vore på festivalar sidan eg var 16, og har jobba frivillig på mange ulike festivalar, så det var ikkje vanskeleg å takke ja til denne jobben. Det er ein krevjande jobb der eg var mykje åleine om mange avgjersler som skulle tas, men når artistane står på scena og du ser at publikum kosar seg så er det absolutt verdt det, seier Marie og meiner kreative prosessar kan skape mykje godt saman med andre.

Publisert
Judith Sørhus Litlehamar
Publisert
5/1/2021
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN