Lanserer Noregs første Via Ferrata-app

Illustrasjon av prosjeket

Via Ferrata Åkrafjorden lanserer no landets første Via Ferrata-app. I appen som er utvikla av Omega Design får du god oversikt over dei to Via Ferrata-løypene som Åkrafjorden Nature B&B tilbyr i Åkrafiorden.

Her kan du finne informasjon om kor krevjande løypene er, kven klatrerutene passar for, tryggleikstips og kva ein må tenkje på om ein planlegg ein tur i veggen.  Ein kan også ta ein virtuell tur i den eine veggen i appen.

– Appen blir eit flott supplement til nettsidene våre, og gjer det enklare for gjestene våre å planlegge opplevingane i Åkrafjorden. Via Ferrata-rutene passar dei aller fleste som er i passeleg god fysisk form og som taklar høgden litt. Me har to ruter, dersom Kyrkjeveggen blir for tøff kan ein prøve seg på Ingadalen, som er meir familievennleg, fortel Robert Stråbø Melkeraaen, dagleg leiar i Åkrafjorden Nature B&B.

Nyskapande app

Målet er at den nylanserte appen også på sikt skal byggast ut med andre aktørar som tilbyr Via Ferrata-løyper.

– Det er ein styrke for oss alle at dei som ynskjer å klatre Via Ferrata-ruter finn tilbodet samla. Ein har ofte lyst til å prøve fleire ruter dersom ein blir gira på dette, meiner Stråbø Melkeraaen.

Via ferrata går ut på at eit fjell blir utstyrt med faste sikringsmidlar som stålwire, bøylar, stigar og bruer. Dette blir nytta for å klatre i fjellet på ein mest mogleg sikker og forutsigbar måte, utan at ein treng spesiell klatrekunnskap eller erfaring. I sommar prøvde vel 1100 personar klatrerutene i Åkrafjorden, berre eit par prosent av dei syns det vart for tøft og snudde. Mesteparten av gjestene finn fram til Åkrafjord-tilbodet i sosiale medium, no trur gründaren det blir endå enklare å få ut god informasjon til større grupper.

Me har og laga appen i både norsk- og engelsk versjon, med tanke på at den internasjonale marknaden er stor i vanlege sesongar. No håpar me koronaperioden går mot slutten slik at ein kan opne meir opp neste år.

Satsar på app-utvikling

–  For oss har det vore kjekt å kunne tilby ein lokal aktør, som me ser satsar, til å bli ein av aktørane i app-satsingsperioden me har hatt dette halvåret. Kunden har sjølv spela inn ønske om apputvikling tidlegare og blitt inspirert av europeiske app-løysingar, som me kunne ta som utgangspunkt, fortel dagleg leiar i Omega Design, Astrid Eidhammer Hjelmeland. Også konsernsjef i Omega, Petter Aalvik meiner app-satsinga i Omega Design er viktig.

- Omega har laga webapplikasjonar i alle år, men satsinga på utvikling av native applikasjonar er med på å styrke oss som ein totalleverandør av digitale tenester. Dette inneber at me og styrkar oss ytterlegare både på design og systemutvikling, seier han.

Nytt app-team

Bedrifta har nyleg fått eit eige mobilapp-team som består av Bente Bakke, Espen Gjendem og Jostein Skaar.  Desse tre kom over frå Omega PS til Omega Design for vel eit halvt år sidan. I tillegg til mobilapp-utvikling og filmproduksjon jobbar gjengen i Omega Design med nettutvikling, grafisk design, PR, kommunikasjon, kurs og tekstarbeid.

– Det er utruleg bra å få mobilapp-teamet inn i Omega Design, det styrkar oss, seier dagleg leiar i Omega Design, Astrid Eidhammer Hjelmeland.

Fleire appar innan kultur, reiseliv og rekruttering står for døra og skal lanserast rundt årsskiftet.

–  Me i app-teamet har no tileigna oss kompetanse og erfaring frå fleire spanande app-prosjekt. Det me har erfart så langt, er at appar er svært etterspurd, og moglegheitene for kva me kan få til er grenselause. Alt som krevst for å utvikle ein god applikasjon er ein god idé, eit behov i marknaden, nok tid og eit team samansett av kompetente utviklarar og designarar. No som Via Ferrata er klar i App Store og Google Play Store, gler me oss til å få ferdig dei andre applikasjonane også, som me allereie er godt i gang med. Me forsøker å få med det "vesle ekstra" i kvar applikasjon, som representerer innovasjon og satsinga vår i app-verda. Me ser fram til fortsetjinga, fortel leiar av app-teamet Bente Bakke.

–  Me har hatt eit veldig godt samarbeid med Omega Design. Det er også dei som har laga nettsidene våre og som me jobbar med om marknadsføringa vår, dette er ei vidareføring av det gode samarbeidet, fortel Melkeraaen.

Publisert
Judith Sørhus Litlehamar
Publisert
5/1/2021
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN