Montessori-kvalen har fått moderne drakt

Illustrasjon av prosjeket

Målet var å skape ein profil som kunne nyttast på alle flater, både på trykk og ikkje minst digitale kanalar og sosiale medium. Arbeidet starta med ei kartlegging blant barna, der det kom fram at dei ynskte å behalde kvalen i logoen som dei var blitt så glade i.

Løysninga vart difor å redesigne den eksisterande logoen, men lausrive kvalen frå teksten, slik at den kunne nyttast som eit eige ikon, til dømes i sosiale medium. Resultatet vart ein optimistisk kval med eit grønt blad, som symboliserer skulens kreativitet,skaparglede og store miljøengasjement.

Me har utarbeida både den nye grafiske profilen, og ein profilmanual som enkelt viser korleis ein kan nytte den nye profilen på ein korrekt og effektiv måte. I profilmanualen kan ein slå opp for å finne reglar for korleis ein skal bruke logovariantar, fargar, skrifttypar og dekorelement. I tillegg finn ein døme på bruk av logo på visittkort, brevark, konvoluttar, sosiale medium, bil-dekor og produkt.

Kvalavåg Montessoriskole har sin eigen skulebuss, som blir brukt på skuleturar, det var klart denne måtte bli dekorert med den nye profilen. Her brukte me dekorelement som består av bølgande hav og grøne enger som bakgrunn for ein hoppande kval. Lanseringa av bilen vart ein stor suksess der barna jubla og applauderte då bilen kom inni skulegarden.

-  Wow, denne blir det kjekt å køyre på tur med, var ein av kommentarane.

Publisert
Irene Landa
Publisert
29/6/2020
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN