Gir ut bok om garden

Illustrasjon av prosjeket

Børkjenes heiter garden med dei 40 husa på Hamrabø i Suldal. No gir eigar Jarle Tveit ut bok, Omega Design har bidratt med design og prosjektleiing.

Namnet på garden fortel at her har vore mykje bjørk, kan eigar Jarle Tveit fortelja. Men 40 hus? Tveit ler og minner oss på at sjølv om dei er mange, så er ikkje alle husa store. Dei færraste, faktisk.

Men ja, det var ein heilt spesiell gard dei kjøpte, han og kona Marit, tilbake i 2003. Sjølv hadde han vore inne som takstmann på bruket året før. Men av ulike omstende kom garden på sal att, og dei gjorde det som kjendest rett då: Tok garden i eige, og har sidan vølt og gjort det brukande der. Skjønt, det var veldig fint fare med, det meste.

Jarle Tveit med nyutgjeven bok om Børkjenes-garden
Jarle Tveit fortel at bokomslaget er av ei vakker gamal låvedør, som dei fann i botn i ein kalvegarde. Fotograf Nordtveit står bak dette og dei andre nye fotoa i boka.

Veldrive bruk

– Det hadde ikkje vore ordinær drift på garden sidan 1978. Men det var lett å restaurera, det var ein veldig godt halden gard fram til 1998, seier Tveit.
Han dreg fram boka om Børkjenes, blar fram til nokre hus som ligg ved eit elveleie og forklarar. Alle husa har ubehandla treverk, og likevel er det skilnad på fargen på dei. Husa som ligg nære større elver og bekker er brune, imot dei grå som ligg meir unna. Korleis det enn er så er det ikkje mykje jobb med å halda dei i stand utvendig, bare taka er tette.
– Nei, me slepp arbeidet med måling, seier huseigaren, og det glimtar av noko lurt i augekroken.
– Eg veit ikkje, folk seier det må vera så mykje arbeid med denne garden, men eg trur nå det er ennå meir slit å trena til Birkebeinaren.

Bokprosjekt som bevarer

Nyleg kunne han halda boka om Børkjenes i hendene. Tveit medgjer at det nok var meir arbeid med å gje ut bok enn han hadde trudd. Den opphavlege planen var å skriva litt om kvart av dei 40 husa. Så blei det i staden éi samling av tekst og bilde i boks form. Tekstane er ført i pennen av Torgeir Eidhammer, fotograf Jan Nordtveit har fotografert husa på garden. Jarle Tveit har henta fram gamle bilde fra garden, avisartikler og skrifter frå gammal tid, medan Omega Design har hatt prosjektleiinga og hatt ansvar for layout og ferdigstilling. Haugesund Bok og Offset (HBO) har trykt og bunde inn boka.

Veldokumentert fortid

– Målet med boka, fortel Tveit, var å få bevart historia om Børkjenes for ettertida.
Og det vanta ikkje på kjelder når gardens historie skulle dokumenterast, så i så måte meiner han dei hadde ei svært godt utgangspunkt for arbeidet: Eitt av bygga huser til dømes eit gardsmuseum. Verktøy og reiskap var det å finna i alle husa, alt tatt godt vare på. Tidlegare eigarar og andre lokalkjende har også vore med og bygd godt på historia, og ikkje minst har gamle bilde og dagbøker vore til uvurderleg hjelp når historia om Børkjenes skulle gjenskapast.

Omega Design og Jarle Tveit
Endeleg er boka ute! Oppdragsgjevar Jarle Tveit i samtale med designar Irene Landa og prosjektleiar Astrid Eidhammer Hjelmeland. Tekstforfattar av boka er Torgeir Eidhammer og Fotograf Nordtveit har tatt dei nye bileta til boka.

Fleire ord på lur

Dei bur ikkje på garden Børkjenes for tida, Marit og Jarle Tveit I dag blir garden og heiabeitet leigd vekk, og sjølve driv dei med gardsturisme med mellom anna det nemnde museet og ei velhalden løe samt 16 hus i gardstunet som basis. Dette ser dei for å utvikla ytterlegare, og då med løa, gardstunet og tre stølsplassar som eit utgangspunkt for ennå meir aktivitet.

Og kanskje blir det fleire bøker? Jo, han medgjer at han har sysla med tanken, Jarle Tveit. Dette året fyller nemleg Tveit Regnskap, bedrifta han og kona grunnla, 50 år. Der er det òg historier som fort kan finna veg ned på papiret, hintar gründaren før han slår permanene i hop på «Børkjenes i Suldal».

Publisert
Publisert
29/4/2020
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN