Det regionale magsinet Mitt Ryfylke når nye lesarar via Facebook,
det siste
som vart lagt ut når heile 7000 lesarar i det sosiale
mediumet. Me i Omega Design ser verdien av å bruke sosiale medium til å fronte
gode produkt, bedrifter eller altså eit regionalt magasin som skal vere med på
å styrke omdømmet til Ryfylke. Magasinet som blir distribuert i dei seks
ryfylkekommunane har per i dag
På Facebook kan ein bleste magasinet, dele gode bilete og
stemningsrapportar frå reportasjeturar eller røkte etter hjå publikum om dei
har gode tips til redaksjonen. Sosiale medium kortar ned avstanden mellom oss
som produserer magasinet og lesaren.
Omega Design har totalansvaret for produksjon av magasinet Mitt Ryfylke
- alt frå redaksjonelt ansvar, journalistisk arbeid, desking og dialog med
trykkeri. Me har godt samarbeid med dyktige fotografar og frilansarar som
styrkar kvaliteten på produktet.
Å bygge godt innhald i eigne kanalar, om det er nettsider, sosiale
medium eller trykte magasin/flyers er god marknadsføring. Fleire og fleire
flyttar marknadsmidlar frå kjøpte kanalar til eigne kanalar, og når gode
resultat. Vår satsing med Mitt Ryfylke på Facebook er eit godt døme på det.