Omega Design logoOmega Design logo

Filmfotograf Elin Sørheim har starta hjå oss

Illustrasjon av prosjeket

Med Elin som ein del av teamet i Omega Design, kan me tilby filmprosjekt for større og mindre kundar, anten det gjeld filmsnuttar til sosiale medium, promoteringsfilmar, eller filmar til andre formål.

- Eg er opptatt av å fortelje historia til folk. Dette kan næringslivet også tene på. Det handlar om å finne hjartehistoriene i sakene, seier Elin.

- Me har vore så heldige å få samarbeidd med Elin om rekrutteringsfilmar for Suldal kommune før Elin blei tilsett hjå oss nå i haust, seier dagleg leiar i Omega Design Astrid Eidhammer Hjelmeland. Film kan nyttast til så mykje i dag, og evna til å formidla, koma tett på kundane og få fram eit bodskap er noko me har erfart at Elin har ei særs god evne til og ikkje minst brei erfaring med over tid. Nå kan dette koma våre kundar til gode.

Ein jobb utanom det vanlige

I Oslo jobba Elin i over 10 år som fotoredigerar i NRK Marienlyst, og var blantanna med å filma fleire sesongar av programma Arkitektens hjem, Oppfinnaren, i tillegg til Monsen minutt for minutt sommaren 2018, Best i mest på NRK Super og Finnmarksløpet i 2014 der ho følgde Lars Monsen.

Filming av Monsen minutt for minutt sommaren 2018. Her får sonen sjå gjennom opptaka.

- Det kjennes unikt å ha vore med på så mange forskjellige ting. Ein blei liksom plassert inn i eit nytt miljø og lærte mykje undervegs om tema som ein elles ikkje hadde fått innblikk i. Det har ikkje vore som andre jobbar, fortel Elin.

Elin i sving under innspeling av Arkitektens hjem.

Som fotoredigerar måtte Elin ofte takle arbeidsdagar utanom det vanlege, og måtte tilpasse filminga etter situasjonen.

- Underopptak av Oppfinnaren måtte eg klatre opp på taket og filme derfrå. Og under Finnmarksløpet var det intens «sportsjobbing» der me sov og jobba om kvarandre.

Ho har og filma situasjonar som har gjort inntrykk.

-  Eg har og vore bakvakt der eg venta på at eit barn med hjartefeil skulle bli født,og var med å filme foreldre sitt første møte med barnet sitt. Det gjorde sterkt inntrykk. I tillegg har eg vore med å laga eit program om å møte døden. Då følgde me ein som hadde kreft.

Under filminga av Oppfinnaren.

Heimatt til vestlandet

Før ho flytta til vakre, våte vestlandet budde ho i Oslo med sin betre halvdel og sonen som nå er fire år. I Etne heldt ho fram i jobben som filmredigerar og pendla med jamne mellomrom til Oslo fram til ho sa opp stillinga si nå i sommar. Det var draumen om eit småbruk og å vere nærare familien som drog dei frå bylivet i hovudstaden til Etne i desember 2016, der Elin kjem frå.

På Finnmarksløpet i 2014. Her var det intens «sportsjobbing» der teamet sov og jobba om kvarandre.

- Eg var veldig spent på å flytte heim igjen, medan mannen min som ikkje eingong hadde sett småbruket før me kjøpte det, var heilt sikker på valet. Men livet falt godt på plass her og me opplev mindre stress i kvardagen enn me elles hadde i storbyen. Her har me også nærleik til naturen og familien, som er fint, fortel Elin.

Publisert
Maria Djuve Vågen
Publisert
21/10/2019
Illustrasjonsbilde
Ønskjer du ein uforpliktande prat eller tilbod?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Fleire saker

NOEN