Design og merkevarebygging

Me utviklar løysingar for å marknadsføre produkt og tenester for store og små bedrifter. Design er eit verktøy for å skapa verdiar.

Ikon

Grafisk profil

Bygg merkevara di. Merkevara di består av logo, grafiske element, typografi, og fargebruk. Ved konsekvent og rett bruk av logo og grafisk profil, styrkar bedrifter si merkevare.

Me designar og utviklar designløysingar for å styrke merkevara til kundane våre.

Sjå nokre grafiske profilar me har laga
Ikon

Nettside

Ei oppdatert og brukarvennleg nettside gjer det lett for kundane å finne bedrifta di og kjøpe tenestene dine.

Omega design utviklar skreddarsydde nettsider som er enkle å redigere for bedrifta. Nettsidene har full integrasjon mot sosiale medium, er utforma i tråd med retningslinjene for universell utforming. Nettsidene er tilpassa bruk på både skjerm, nettbrett og mobil.
Våre nettsider er utstyrt med innebygd SSL-kryptering og er søkeoptimalisert.
Filter tilbyr drift, hosting og support av våre nettsider, og har gunstige pakkeprisar for epost og Office365.

Sjå nettsider Omega design har levert
Ikon

Reklame

Omega design produserer reklame- og profileringsmateriell til trykk og digital bruk.

Målet er å formidle bodskap og identitet med tanke på rekruttering, omdømmebygging og ikkje minst auka sal. Me lagar annonser til trykte og digitale flater. Me produserer og flyers, brosjyrar, plakatar, strøartiklar, skilt, rollups, folie, m.m. i tråd med bedrifta sin logo og grafiske profil.

Sjå reklameprodukt me har laga
Ikon

Magasin
-produksjon

Omega design produserer trykte og digitale magasin for våre kundar. Me tek gjerne heile produksjonsjobben frå tekstproduksjon til ferdig trykt og distribuert magasin.

Eit magasin er eit sterkt medium til å formidle godt innhald. I Omega design har me god erfaring med magasin og me kan me hjelpa deg med kvalitetsmagasin som byggjer omdømme, skaper gode leseopplevingar og har innhald med lang levetid.

Sjå magasin me har laga