Me er Omega Design

Tilsette i Omega Design foran hovudkontor i Ølensvåg.

Omega Design jobbar fram målretta løysingar for digitale og trykte flater. Me tilbyr kundane våre design og kommunikasjonstenester som produksjon av nettsider og reklamemateriell. Etter mange år i bransjen har me opparbeida oss god erfaring med PR- og kommunikasjonsarbeid, der medietrening og rådgjeving inngår. Me tilbyr òg innhaldsproduksjon for nettsider og magasin og sosiale medium.

Sidan 2015 har me vore del av Omega-konsernet som har 22 dotterselskap på lokasjonar rundt om i verda. Omega Design står òg for design- og kommunikasjonsarbeidet for morselskapet.

Me brenn for godt design og tydeleg kommunikasjon. Det har me gjort heilt sidan bedrifta starta som Norsk Plan i 1997. I september 2018 bytte me namn til Omega Design frå tidlegare Filter design & kommunikasjon.

Omega og Omega Design har hovudkontor i Ølensvåg i Vindafjord. Me har i tillegg kontor i næringshagane på Sand og i Sauda.