I forkant av arbeidet med den visuelle identiteten gjennomførte Omega Design ei strategisamling slik at einingsleiarane i kommunen fekk ei felles plattform med strategi, mål og verdiar. Det blei utarbeida ein visjon i form av tre ord - «inkluderande, løysningsorientert & framtidsretta». Forankra i måla, visjonen og kunnskap frå forarbeidet utarbeida me ein profil der tanken var at det grafiske elementet skulle symbolisere verdiane i visjonen og henge saman med kommunelogoen, i tillegg til at den skulle vere positiv, utfordrande og frisk. Vi har også modernisert typografien i logoen med respekt for historia i Hjelmeland kommune.