Omega Design logoOmega Design logo

Suldal Elverk i 100 år

Suldal Elverk feirer i år hundre år med krafthistorie. Gleda var stor i 1916, då ein kunne koble straumen til på Sand og det lyste i den første lyspæra.
Bilde av prosjektet
IllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbilde
Portrettbilde av ansatt
Publisert
30/5/16
,
Portrettbilde av Judtith Sørhus Litlehamar
Publisert
30
.
5
2016
Judith Sørhus Litlehamar
,
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
judith@omegadesign.no

Dette ynskte elverket å markere ved å skape ein eigen grafisk profil rundt jubileet, og ikkje minst eit eige jubileumsmagasin.

Omega Design var så heldige at me fekk jobbe med å profilere hundreåringen i lokalsamfunnet. Me har utarbeida eit grafisk element som skal fylgje alt materiell frå elverket gjennom jubileumsåret. I tillegg har me hatt ansvar for redaksjonelt arbeid og utforming av jubileumsmagasinet.

Magasinet me har laga tar høgde for både den kraftfulle historia, den enorme utviklinga gjennom hundre år og ikkje minst den spanande nåtida - der elverket ikkje berre er ein stor straumleverandør, men også sentral i utbygging av fiber i kommunen. I år fekk dei og fiberkunde nummer 1000 - noko som passa godt i jubileumsåret.

Me møter dei som var med på å byggje opp elverket - og dei som jobbar der i dag - les magasinet her.

Elverket er ein vital og høgst oppegåande hundreåring - me gratulerer med jubileet og takkar for jobben!

Ta kontakt for ein uforpliktande prat
Portrett av Astrid Hjelmeland
Dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland
Ring 97 19 47 88Send epost
Takk! Du høyrer snart frå oss.
Noko gjekk gale... Prøv igjen :)
NOEN
MagasinSuldal Elverk i 100 årMagasin