Me
har fornya profilen til Skattkammeret Suldal. Suldal ynskjer å styrke
posisjonen sin både som reiselivskommune, og som ein attraktiv kommune for
rekruttering av både nye innbyggjarar og bedrifter. Difor satsar no kommunen på
å modernisere uttrykket sitt, og ikkje minst gjennomføre ein tydeleg
kommunikasjon i alle kanalar.
I
dette arbeidet har me oppgradert logo og dei grafiske elementa i profilen, og
har i tillegg utvikla eit tag-element som styrkar merkevarebygginga. Skattkammeret
Suldal skal vere lett å kjenne igjen, om det er stillingsannonser, sosiale
medium eller trykt materiell.
I
samband med fornyinga av profilen har me også fått utvikla nye digitale kanalar
for reiselivssatsinga i kommunen. Sjå dei nye nettside til Visit Suldal
her.