Me har fått lov til å marknadsføre den nye og unike gåvebutikken Prikkar i Etne, som opna 26. november 2015. Denne butikken har fått litt ekstra merksemd, både i media, sosiale medium og blant publikum. Yvonne Sandgren som startar opp butikken vil nemleg ikkje berre etablere gåvebutikk, ho vil også blåse nytt liv i gatene i Etne og meiner sentrumsutviklinga i kommunen er viktig. Difor satsa me på ein leiken og fargerik kampanje som også sette søkjelyset på Etne og lokale butikkar. Dette har vist igjen i delingar i sosiale medium, oppslag i media og ikkje minst eit auka fokus på lokal handel i Etne.
Me utarbeida den visuelle profilen til butikken, og fiksa det meste av materiellet for Prikkar. Takkar for eit flott og spanande oppdrag!