Omega Design logoOmega Design logo

Ny nettside til Vingeslag

Vingeslag ønska å få ei nettside som tydeleggjer profesjonaliteten, kvaliteten og kompetansen dei har. Eit av ønska frå kunden var å gjera det lett å finne fram og melde seg på kursa på nett.
Bilde av prosjektet
Besøk nettsida
IllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbilde
Portrettbilde av ansatt
Publisert
20
.
12
2018
Irene Landa
,
Senior designar
irene@omegadesign.no
Portrettbilde av Judtith Sørhus Litlehamar
Publisert
20
.
12
2018
Judith Sørhus Litlehamar
,
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
judith@omegadesign.no

Omega Design har nyleg levert ny nettside med eit design og uttrykk som skal dekke kunden sitt behov om å bli synleg, mellom anna som leverandør av kurs i forhandlingsteknikk. Uttrykket me har lagt opp til er reint, enkelt og oversikteleg. Målet er at ein lett finn fram til informasjonen ein søker, og at ein enkelt kan melde seg på kurs.

Kurskalender
Kurskalenderen gir oversikt over komande kurs. Kundane melder seg på kurset på sida med kursinformasjon. Nettsida er laga slik at det er enkelt for Vingeslag å få oversikt over påmeldte og administrere denne informasjonen.

"Call to action"

Me har lagt vekt på å ha fleire “call to action”-knappar gjennomgåande på nettsida. Det vil seie knappar med “Påmelding” eller “Kontakt oss” som gjer det enkelt for kunden å finne fram og melde seg på kurs.

Blogg
Me har laga ein blogg direkte på nettsida, der Vingeslag kjem med tips, informasjon og aktualitetar om forhandlingsteknikkar. Bloggen er enkel å administrere, slik at det er enkelt for Vingeslag å lage nye blogginnlegg, legge inn tekst og bilder, osv.

Administrasjon
Alle nettsider me lagar er enkle å administrere. Kunden legg sjølv inn og endrar innhald og bilete direkte på nettsida. Dette gjer at ein med ein gong ser kva ein endrar og korleis det vil sjå ut. Dermed kan kunden alltid halde nettsida oppdatert, samtidig som den visuelle stilen blir bevart.

Sikkerheit og personvern
Alle nettsidene me produserer er SSL-sertifiserte (https), søkeoptimaliserte i Google og dei er utvikla i tråd med krava for universell utforming og dei nye personvernreglane (GDPR).

Besøk nettsida
Ta kontakt for ein uforpliktande prat
Portrett av Astrid Hjelmeland
Dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland
Ring 97 19 47 88Send epost
Takk! Du høyrer snart frå oss.
Noko gjekk gale... Prøv igjen :)
NOEN
NettsideNy nettside til VingeslagNettside