Rymat ynskjer å
skape engasjement og interesse for lokale råvarer og matprodusentar frå
Ryfylke. Nettverket som består av heile 15 lokale bedrifter hadde eit behov for
å bli meir synlege på nett, det har dei løyst ved å lansere ei felles nettside,
samstundes som dei og er aktive under ein felles paraply i sosiale medium.
Nettsida som er laga i samarbeid med oss i Omega Design
gir god og oversiktleg informasjon om dei ulike produsentane og formålet til
Rymat. Sjå nettsida på
Dagleg leiar i Rymat, Cathrine Vierli Selvaag brenn for at produsentane
skal kunne dele erfaringar og kompetanse, samstundes som gjestene i regionen
kan oppleve ei eksotisk matreise i Ryfylke - og ikkje minst at det skal bli
lett å få tak i lokale matprodukt. Dei nye nettsidene gir eit godt utgangspunkt
for at nettverket skal oppleve vekst i sal, og ikkje minst bli betre kjent -
både i Ryfylke og utover regionen sine grenser.
Me ynskjer lukke til med prosjektet - og ikkje minst i finalen
i Det Norske Måltid der fleire av produsentane er med!