Omega Design logoOmega Design logo

Mitt Ryfylke

Me brenn for Ryfylke og folka som bur der. I magasinet Mitt Ryfylke speglar me folket og livet i regionen.
Bilde av prosjektet
IllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbilde
Portrettbilde av ansatt
Publisert
1
.
10
2015
,
Portrettbilde av Judtith Sørhus Litlehamar
Publisert
1
.
10
2015
Judith Sørhus Litlehamar
,
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
judith@omegadesign.no

Ideen om å få utvikla og lansert eit regionalt profilmagasin vart realisert i 2013. Me fekk med oss Ryfylkealliansen som samarbeidspartnar for utgjevinga medan me i Omega Design står for det redaksjonelle ansvaret, innhaldet, designet og produksjon. Me har eit godt nettverk av frilansjournalistar og fotografar som er med på magasinjobben. Magasinet kjem ut fire gonger i året og byggjer god ryfylkeidentitet, både innad i regionen og ikkje minst utad. I tillegg til fulldistribusjon av magasinet i Ryfylke-kommunane, nyttar me sosiale medium aktivt for å bleste både reportasjeturar, trykkeprosessar og magasinet i digital versjon. Det handlar om livet i Ryfylke, om dei som bur der og kva moglegheiter regionen har å vise til. Ryfylke er ein region
basert på seks kommunar som har jobba fram ei felles merkevare og profil. Me
brukte bevisst denne identiteten for å gjere magasinet om til eit ansikt utad
for regionen. 

Mitt Ryfylke er og på nett - her kan du lese artiklane og få oversikt over utgåvene. Gå til mittryfylke.no.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat
Portrett av Astrid Hjelmeland
Dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland
Ring 97 19 47 88Send epost
Takk! Du høyrer snart frå oss.
Noko gjekk gale... Prøv igjen :)
NOEN
MagasinMitt RyfylkeMagasin