Materiell til Pims Conference

Publisert
13
.
10
2016
Illustrasjonsbilde av prosjektet
Saman med Omega Pims utarbeida me materiell til Pims Conference 2016.

Prosjektstyringssystema til Omega Pims er tekne i bruk hjå fleire av Noregs leiande bedrifter. I år arrangerte Omega Pims ein konferanse der dei samla kunder og ekspertar til to dagar med fagleg påfyll. Me i Omega Design fekk stå for profileringa og materiellet til arrangementet.

Eit gjennomgåande design på heile arrangementet er med å løftar både inntrykk, opplevelse og evne til å hugse informasjon då det er presentert på ein ryddig måte. Saman med kunden utarbeida me design og tekst på presentasjonar, brosjyre, dokumentmapper, rollups, skjermbilde, namnekort, program og invitasjon på nett og som papirversjon. Me laga og ein «goodiebag» med blant anna krus, minnpennar, og kortstokk. I tillegg til leveranse av materiell, var byråleiaren i Omega Design, Lauren McPherson til stede og støtta opp om arrangementet som kommunikasjonsrådgivar for Omega Pims. 

Me takkar for jobben!

Ynskjer du ein uforpliktande prat om dine marknadsføringsbehov?
Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Sjå fleire jobbar

NOEN