Omega Design fekk ta steget med å utvikle eit nytt marknadsmagasin for Røldalsmarknaden. Ved å gå frå avis til magasinformat får ein løfta både innhald og og lesaropplevinga og auke levetida for produktet. Magasinet viser fram kva som rører seg
under den tradisjonelle marknaden, kven publikum kan møte under marknaden, men
ikkje minst fungerer magasinet som ein spegel for å vise fram bedrifter og
eldsjeler i Røldalssamfunnet.
Me har
hatt heile ansvaret for produksjonen, med redaktøransvar, journalistisk arbeid,
foto og design av magasinet. Me har også ansvaret for produksjon og dialog med
trykkeriet. Magasinet vart distribuert i heile ni kommunar og hadde eit opplag
på 17 000. Les magasinet for Røldalsmarknaden 2015