Oppskrifta var i boks, produksjonen i gong og den ivrige gründeren ville få Superknask i hyllene til nisjebutikkane snarast mogleg - Omega Design hjelpte med pakningsdesignet
Gründer og ernæringsterapeut Mette Lund Larsen starta opp Energimat AS og utarbeida produktet Superknask, som er eit gluten-, egg- og melkefritt produkt. Frå Finnøy styrer Mette produksjonen av dei stadig meir populære Superknask-produkta knekkebrød, knekkebrød med havsalt og frokostblanding.
Omega Design jobba tett med Mette og utvikla emballasjen til Superknask. I tillegg har me laga nettsidene for Superknask, der ein kan inn å lese om produkta, sjå oversikt over salsstadar eller bestille gjennom nettbutikken.