KV-Bygg Suldal vil tilby unge og nyetablerte rimelege kvalitetsbustadar i eit trygt og godt miljø på Sand. Haugen Vidsyn er eit flott, nyutvikla område. For å gjere feltet kjent bestilte dei Omega Design til å utvikla ein kampanje der nettside, ferjereklame og Facebook inngjekk som formidlingsflater. For å vise fram fordelane ved å busetje seg på Sand og informere om området, kom me saman med kunden fram til stikkorda behageleg, enkelt, nær alt og rimeleg, som kampanjegrunnlag.