Illustrasjonsbilde av prosjektet

Fjellam frå Ryfylke

Under merkevara Fjellam samlar kvalitetsbevisste bønder seg for å fremje tradisjonsrik matproduksjon.

‍Sauebønder i Ryfylke samlar seg no rundt merkevara Fjellam frå Ryfylke. Dette er eit kvalitetsprodukt som det blir sett strenge krav til - her skal lamma beite på heiabeite, noko som gir spreke og sunne dyr.

Me har fylgt heile prosessen og fått lov til å vere med å utvikle profil, tekstelement og konsept rundt merkevara. Profilen skal bygge opp under dette kortreiste og sunne produktet - og gi forbrukaren god informasjon om kva han kjøper. 

Sjekk ut Fjellam frå Ryfylke på Facebook og nett

No ynskjer me sauebøndene lukke til - i første omgang rettar dei innsalet inn mot hotell og større butikkar. Men om ikkje alt for lenge kan det godt hende du finn eit Fjellam-produkt i nærleiken av deg.

Ynskjer du ein uforpliktande prat om dine marknadsføringsbehov?
marknadsførings-behov?

Kontakt Astrid
Portrett av Astrid Hjelmeland

Sjå fleire jobbar

NOEN