Omega Design logoOmega Design logo

Emballasje for Fjellam

Under merkevara Fjellam samlar kvalitetsbevisste bønder seg for å fremje tradisjonsrik matproduksjon.
Bilde av prosjektet
IllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbilde
Portrettbilde av ansatt
Publisert
12/12/18
Judith Sørhus Litlehamar
,
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
judith@omegadesign.no
Portrettbilde av Judtith Sørhus Litlehamar
Publisert
12
.
12
2018
Judith Sørhus Litlehamar
,
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
judith@omegadesign.no

Fjellam frå Ryfylke går på eit bugnande heiabeite gjennom sommaren, noko som gir ein spesiell kvalitet og smak på kjøtet.

Rådgjeving
Fleire sauebønder i Ryfylke har lenge hatt ein draum om  å profilere produkta og ikkje minst historia om heiabeitet betre. Arbeidet har gitt resultat, no kan du nemleg sikre deg både pinnekjøt og fenalår frå Fjellam frå Ryfylke til jul. Me har vore med på heile reisa, frå kurs og kommunikasjonsrådgjeving i den spede starten av prosjektet, via design av ny visuell identitet for merkevara, og no sist med design og produksjon av emballasje til dei første Fjellam-produkta som er blitt tilgjengelege for kunden.

Visuell Identitet
Me har tidlegare laga visuell identitet for Fjellam, og har utvikla profil, tekstelement og konsept rundt merkevara. Profilen skal bygge opp under dette kortreiste og sunne produktet - og gi forbrukaren god informasjon om kva han kjøper.

Emballasje
Her er det viktig at kunden har fått emballasje som fungerer godt praktisk, men som og gir eit godt og ærleg uttrykk av merkevara sin identitet og verdiar. Dette er eit lokalt, kortreist matprodukt - det skal også vise igjen i den rustikke og jordnære emballasjen. I emballasjen er også det resirkulerte og miljøvennlege papiret PaperWise blitt brukt, dette papiret er faktisk laga av matavfall, noko som passar godt til Fjellam sin profil.

Mange forbrukarar er bevisste på å kjøpe lokal, kortreist og ekte mat. Kva med å smake Fjellam frå Ryfylke?

Ta kontakt for ein uforpliktande prat
Portrett av Astrid Hjelmeland
Dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland
Ring 97 19 47 88Send epost
Takk! Du høyrer snart frå oss.
Noko gjekk gale... Prøv igjen :)
NOEN
PakningsdesignEmballasje for FjellamPakningsdesign