Omega Design logoOmega Design logo

Brosjyre og rollup til Roastrand

Roastrand-feltet opplevde stor popularitet etter byggestart i 2015. Nå er det få bustadar att i det attraktive bustadsområdet like ved Ølen sentrum.
Bilde av prosjektet
IllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbildeIllustrasjonsbilde
Portrettbilde av ansatt
Publisert
28/1/19
Maria Djuve Vågen
,
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
maria@omegadesign.no
Portrettbilde av Judtith Sørhus Litlehamar
Publisert
28
.
1
2019
Judith Sørhus Litlehamar
,
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
judith@omegadesign.no

Omega Design har nyleg utarbeida marknadsmateriell som rollup og brosjyre for Roa Tomteselskap. Brosjyren blei sendt ut til innbyggjerane i kommunane Etne og Vindafjord rett før jul for å nå ut og informere lokalt om bustadtilbodet på Roastrand.

 

Brosjyren

Brosjyren viser potensielle kjøparar kva leilegheiter og enebustadar som er att på feltet. Dette gjer den via bilete frå både uteområde og bustadane innvendig. Informasjon om prisar og Husbankfinansiering kjem og tydeleg fram i oppsettet av brosjyren. Brosjyren er produsert i samarbeid med Roa Tomteselskap AS og er trykt hjå HBO.

 

Rollupen

Rollupen fremjar både utsikten, standarden på bustadane på Roastrand og stemninga på feltet. Her kjem det og tydeleg fram at byggjefeltet er sentralt og ligg nær sentrum i Ølen, noko som er eit viktig salspunkt for bustadsområdet. Rollupen er produsert i samarbeid med Roa Tomteselskap AS og er produsert hjå HBO.

Merkevarebygging

Omega Design har tatt utgangspunkt i den grafiske profilen til Roastrand-feltet og utarbeida brosjyren og rollupen i tråd med resten av profileringa til byggefeltet. Dette er med å bygge opp under merkevara «Roastrand» og bidreg til styrke namnet, assosiasjonar og inntrykk av både tomteselskapet og byggefeltet.  

 

Tekst og foto

Både på rollup og i brosjyre er det viktig med korte, konsise tekstar som gir den rette tonen. Teksten i brosjyren er basert på informasjon om bustadane og prisar, men det er og eit fokus på kvifor ein bør velge å busetje seg på Roastrand. Dette er framheva med kommentarar frå dei som allereie har busett seg på feltet. Ingen sel eit bustadsfelt bedre enn dei som sjølv bur der og er nøgde med området!

Det er viktig med gode foto som fangar merksemd og som inviterar lesaren inn. Bileta som er i brosjyren og på rollupen fortel både om utsikt, miljø og atmosfære på Roastrand. Bustadane syner godt att i bileta.

 

 

Ta kontakt for ein uforpliktande prat
Portrett av Astrid Hjelmeland
Dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland
Ring 97 19 47 88Send epost
Takk! Du høyrer snart frå oss.
Noko gjekk gale... Prøv igjen :)
NOEN
BrosjyreBrosjyre og rollup til RoastrandBrosjyre