Tekstarbeid for Facebook-sida Sand i Suldal

Tekstarbeid for Facebook-sida Sand i Suldal

Sand kjører ein kampanje på Facebook der dei viser fram dei deltakande bedriftene i sentrum. Omega Design har sørga for materiellet til oppdateringane.

Sand sentrum er i vekst og ynskjer å skape liv i gatene. I samband med dette ville gjerne Sandsgruppa skape engasjement på Facebook med sida Sand i Suldal, her ynskjer dei å vise fram kva ein kan oppleve og sjå i sentrum. På facebooksida får ein vist fram kva butikkar, kafear og kulturinstitusjonar har å tilby, her blir me kjende med bedriftsleiarane, me møter nokre av kundane deira og ser kva produkt dei kan tilby. Gjennom bilete, filmar og tekstar om bedriftene kan publikum få ta del i stemninga i dei sørlandsindsinpirerte gatene på Sand.

Me har besøkt alle bedriftene som er med på Facebook-kampanjen, her har me laga saker, tatt bilete og laga filmsnuttar frå kvardagen i bedriftene. Ta gjerne ein kikk innom Sand i Suldal på Facebook for å sjå kva som rører seg på Sand!