Mitt Ryfylke

Mitt Ryfylke

Me brenn for Ryfylke og folka som bur der. I magasinet Mitt Ryfylke speglar me folket og livet i regionen.

Ideen om å få utvikla og lansert eit regionalt profilmagasin vart realisert i 2013. Me fekk med oss Ryfylkealliansen som samarbeidspartnar for utgjevinga medan me i Omega Design står for det redaksjonelle ansvaret, innhaldet, designet og produksjon. Me har eit godt nettverk av frilansjournalistar og fotografar som er med på magasinjobben.

Magasinet kjem ut fire gonger i året og byggjer god ryfylkeidentitet, både innad i regionen og ikkje minst utad. I tillegg til fulldistribusjon av magasinet i Ryfylke-kommunane, nyttar me sosiale medium aktivt for å bleste både reportasjeturar, trykkeprosessar og magasinet i digital versjon.

Det handlar om livet i Ryfylke, om dei som bur der og kva moglegheiter regionen har å vise til. Ryfylke er ein region basert på seks kommunar som har jobba fram ei felles merkevare og profil. Me brukte bevisst denne identiteten for å gjere magasinet om til eit ansikt utad for regionen.

Mitt Ryfylke er og på nett - her kan du lese artiklane og få oversikt over utgåvene. Gå til mittryfylke.no.