Materiell til Ryfylkedagane

Materiell til Ryfylkedagane

Første helga i juni var den tradisjonsrike festivalen Ryfylkedagane. Her finn du brosjyren me laga for arrangementet.

Første helga i juni gjekk den tradisjonsrike festivalen Ryfylkedagane av stabelen for 35.gong. Som alltid blei det marknadsdagar, aktiviteteter for barn, folkefest og flotte konsertar med blant andre Valkyrien Allstars, Plumbo, og Pakkers for å nemne nokre.

Me har vore med i kommunikasjonsarbeidet rundt festivalen, med å lage godt innhald til sosiale medium, brosjyre og PR.

Brosjyren viser både programmet under Ryfylkedagane, og ikkje minst ein god del praktisk informasjon om parkering og korleis ein fann fram til attraksjonane ein hadde lyst til å få med seg.

På Ryfylkedagane blei det også arbeidd for å rekruttere endå fleire innbyggjarar til Suldal. Rekrutteringspatrulja viste dei som besøkte standen kva som finst av moglegheiter i Suldal - når det gjeld å jobbe - bu og leve i Suldal. Me fekk lage eit konsept og brosjyre til dette arrangementet, i brosjyra, Kjekt å sjå deg heime får ein informasjon om bustadtomter, ledige arbeidsplasser og barnehageplassar i Suldal - for å nemne noko.