Næringsmagasinet Tempo nå på nett

Næringsmagasinet Tempo nå på nett

Fikse Næringsutvikling utvidar nettsida deira ved å inkludere magasinet Tempo på nett, noko som aukar fokuset på å skape ein attraktiv arbeidsregion.

Tempo, næringsmagasinet for Etne og Vindafjord er nå også tilgjengeleg på nett. Her kan ein finne alle artiklane frå utgåvene av magasinet, i tillegg til at ein finn meir informasjon om fritid, jobb, og bustad. Resultata frå kartleggingsundersøkinga om nåverande og framtidig behov for kompetanse er også å finne på denne delen av nettsida.

Her ligg lenkar til vidare nettsider og god informasjon om aktuelle tema til den som vil vite meir om regionen, eller vurderer å flytte her. For Fikse Næringsutvikling er det å gjere sakane tilgjengelige på nett for deling i sosiale medium, eit godt steg å ta mot å byggje omdøme og interesse i regionen.

Sjå nettsida her.

Nettsida er bygd vidare på Fikse Næringsutvikling si nettside og skal vise til ein attraktiv arbeidsregion som er eit av måla for næringsforeningen.