Visit Suldal med digital reiselivssatsing

Styrkar posisjonen som attraktivt og berekraftig reisemål.

25. april 2018

– Suldal og gjestene våre fortener ein god presentasjon av kva ein kan oppleve av natur og aktivitetar, kultur og historie og ikkje minst folk, seier Laila Steine i Suldal Vekst i ei pressemelding om den digitale satsinga på reiseliv. og reiselivet lanserer no plattforma.

– Målet er at Suldal skal styrke sin posisjon som eit attraktivt og berekraftig reisemål.

I tillegg til den nye reiselivsplattforma Visit Suldal har også kommunen lansert profilen Skattkammeret Suldal i ny og meir moderne drakt.

‍Den nye, oppgraderte logoen til Skattkammeret Suldal.

Me fekk utvikle nettsidene til Visit Suldal, i tillegg til at me har vore med på produksjon av innhald - både til nettside, sosiale medium og i PR-arbeidet. Me har også modernisert Skattkammerprofilen, og gjort profilmanualen enklare og meir oversiktleg.

‍Utdrag frå profilhandboka til Skattkammeret i Suldal.

– Reiselivet er ei moderne næring som skaper arbeidsplassar. Gjestene er digitale i det meste dei gjer, og kommunikasjonen må målrettast meir mot rette og viktige gjestegrupper. For Suldal sin del var det på tide å styrke fokus på digitale kanalar og gjere eit løft både på nett, sosiale medier og i kommunikasjonen med gjestene våre, seier Steine om den digitale satsinga.

Me ynskjer Suldal lukke til med styrkinga av reiselivet!

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59