Prikken over i-en i Etne sentrum

Omega Design har jobba fram design og kommunikasjonstenester for Prikkar i Etne.

12. november 2015

Omega Design har fått lov til å marknadsføre den nye og unike gåvebutikken Prikkar i Etne. Denne butikken har fått litt ekstra merksemd, både i media, sosiale medium og blant publikum. Yvonne Sandgren som startar opp butikken vil nemleg ikkje berre etablere gåvebutikk, ho vil også blåse nytt liv i gatene i Etne og meiner sentrumsutviklinga i kommunen er vikig. Difor satsa me på ein leiken og fargerik kampanje som også sette søkjelyset på Etne og lokale butikkar. Dette har vist igjen i delingar i sosiale medium, oppslag i media og ikkje minst eit auka fokus på lokal handel i Etne.

Les meir på prikkar.no

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59