Nettside for Rymat

Illustrasjon av prosjeket

Rymat ynskjer å skape engasjement og interesse for lokale råvarer og matprodusentar frå Ryfylke. Nettverket som består av heile 15 lokale bedrifter hadde eit behov for å bli meir synlege på nett, det har dei løyst ved å lansere ei felles nettside, samstundes som dei og er aktive under ein felles paraply i sosiale medium. Nettsida som er laga i samarbeid med oss i Filter design & kommunikasjon gir god og oversiktleg informasjon om dei ulike produsentane og formålet til Rymat. Sjå nettsida på www.rymat.no.

Dagleg leiar i Rymat, Cathrine Vierli Selvaag brenn for at produsentane skal kunne dele erfaringar og kompetanse, samstundes som gjestene i regionen kan oppleve ei eksotisk matreise i Ryfylke - og ikkje minst at det skal bli lett å få tak i lokale matprodukt. Dei nye nettsidene gir eit godt utgangspunkt for at nettverket skal oppleve vekst i sal, og ikkje minst bli betre kjent - både i Ryfylke og utover regionen sine grenser.

Me ynskjer lukke til med prosjektet - og ikkje minst i finalen i Det Norske Måltid der fleire av produsentane er med!

Publisert
Judith Sørhus Litlehamar
Publisert
15/2/2018

Fleire sakar

NOEN