Lanserer digital yrkesmesse

Suldal og Sauda satsar i år på digital versjon av yrkesmessa. På nettsida får du presentert bransjar, bedrifter og utdanningsinstitusjonar på ein ny måte.

20. januar 2021

Koronasituasjonen sette fortgang i digitaliseringa av yrkes- og utdanningsmessa i regionen, men prosjektleiar Marit Larsen meiner dette er eit viktig steg i rett retning, også framover.

– Dette gir oss mange fleire moglegheiter og ikkje minst vil det styrke grunnlaget me ynskjer å gi ungdommane våre når dei skal ta viktige val framover, for kommunane i indre Ryfylke blir det stadig viktigare å tenkje langsiktig rekruttering, slår ho fast i ei pressemelding.

Framtidsretta arbeidsplassar

Den nye plattforma viser fram utdanningsmoglegheiter og bransjegrupper i regionen. Her får elevane eit innblikk i ulike yrker, utdanningsløp og ikkje minst god oversikt over lokale bedrifter og arbeidsplassar. På framsida blir ein møtt av såkalla bransjehus, i kvart hus finn ein meir om bransjen, og ulike utdanningsinstitusjonar og bedrifter som høyrer heime der, noko som i praksis er ein digital versjon av dei meir tradisjonelle messe-standane.

– Yrkesvala er mangfaldig i vår region. Me har område der det er stor naud på arbeidskraft i næraste framtid. Det same gjeld dersom ein ser framover i eit 5-10 års perspektiv med tanke på moglege nye og framtidsretta arbeidsplassar, meiner Larsen i pressemeldinga.

– Det er kanskje viktigare enn nokon gong for næringslivet å nå ut til potensielle arbeidstakarar. Ei digitalisering av yrkesmessa gir fordeler med omsyn til å nå ut til fleire, vera endå meir aktuelle og sikra fleksibilitet for alle involverte aktørar, seier Inge Løyning, dagleg leiar i Sauda Vekst i ei pressemelding.

Satsinga er eit samarbeid mellom vekst-selskapa, kommunane og næringslivet som alle ynskjer å styrke rekrutteringsarbeidet indre Ryfylke. Omega Design har bistått med design og utvikling av den nye nettstaden.

Digitalt program

På nettstaden vil det også på sjølve messedagen 21. januar bli lagt ut filmar og programsending frå det som skulle vore ei fysisk messe, her møter ein både rådgjevarar og ungdom som inspirerer andre ungdommar.

– På dei nye nettsidene finn ein bedriftene som er aktive i nærmarknaden, ein kan melde seg på nyhendebrev for dei som vil flytte heim eller har spesielle interesser i regionen vår, fortel prosjektleiar i Suldal Vekst, Marit Larsen i pressemeldinga.

– Skulane i området kan bruke sidene ved alternativ hospitering og vere eit godt supplement for undervisning ved arbeidslivfag, valfag og utdanningsval gjennom heile året, meiner ho.

I tillegg til ungdommar på ungdomsskular og vidaregåande blir også arbeidssøkjarar, NAV og intro-tenesta i kommunen invitert til å nytte seg av den digitale messa.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59