KIA Norge integrerer på mange språk

KIA Norge har no lansert nye nettsider og laga eige korona-materiell for å styrke integreringsarbeidet på mange språk.

27. januar 2021

Omega Design har jobba tett med KIA Norge det siste året, mellom anna med oppdatering av logo, nye nettsider og marknadsmateriell for å informere flest mogleg om koronasituasjonen i landet.

KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid) er ein frivillig ideell organisasjon som sidan 1974 har jobba med integrering, språkopplæring og meistringstrening for flyktningar, asylsøkarar og innvandrarar i Noreg. KIA møter og samarbeider med menneske i svært ulike situasjonar, alt ifrå statsforvaltarar og tilskotsgivarar til frivillige og asylsøkarar. Det var derfor svært viktig for dei at nettsida skulle ha tydeleg informasjon som var enkel å finne fram til for alle.

– Me har i lang tid vore vane med å ha ei nettside og ein grafisk profil som ikkje var tydeleg og som me eigentleg prøvde å unngå å vise fram. Endeleg er det slutt på den tida, seier Nina Østebø, økonomi- og administrasjonsleder ved KIA Hovedkontor.

– Nå strukturerer me oss for framtida, og eg gler meg til å sjå korleis kommunikasjonsarbeidet vårt nå vil utvikle seg framover. Tilsette og brukarar må bli vane med å nytte nettsida aktivt, og avdelingane er allereie godt i gang med å nytte sosiale medium for å spreie informasjon, slik at me kan bli meir synlege.

Covid-19-informasjon på 33 språk

Når korona-pandemien slo til, blei ein særs viktig del av arbeidet til KIA å sørge for at det fantes god informasjon om viruset lett tilgjengeleg for så mange som mogleg. Derfor har det blitt laga brosjyrar, plakatar, videoar og skriftleg informasjon på nettsida på heile 33 språk.

– Det var utruleg flott at Omega Design raskt kunne hjelpe oss med å få produsert dette viktige informasjonsmateriellet, seier Nina Østebø. KIA har jobba hardt for å få denne informasjonen ut til alle frivilligsentralar, asylmottak, organisasjonar, skular, barnehagar, butikkar, trusfellesskap og alle andre stadar det er behov for å nå ut med informasjon om koronaviruset på andre språk.

Det er fleire analfabetar blant innvandrarane i Noreg, og derfor vart det viktig at dei også kunne finne fram til informasjonen med visuelle hjelpemiddel. KIA hadde fått filma videoar med munnleg informasjon om Covid-19 på så mange språk som mogleg. Videoane og lenker til oppdatert informasjon om viruset vart sortert under flagg, i staden for berre namn på landa, for at ein ikkje skulle trenge å kunne lese for å finne fram.

– Det har vore ein veldig spennande prosess både språkleg og visuelt å produsere informasjonsmateriellet om Covid-19 saman med KIA. Spesielt å tilpasse design for språk med leseretning frå høgre var ei ny utfordring som det var kjekt å få bryne seg på, seier Judith Sørhus Litlehamar, kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar i Omega Design.

Vil hjelpe fleire

KIA har eit ønske om at den oppdaterte profilen og ei oversiktleg nettside nå skal bidra til at fleire får vite kven dei er og kva dei arbeider for, slik at ennå fleire folk som kjem til Noreg kan få den hjelpa dei treng.

– Me har lenge slitt med å nå ut til andre enn dei me allereie har direkte kontakt med, men nå skal me jobbe aktivt med å få fleire til å kjenne namnet vårt, seier Nina Østebø. – KIA er støtta med offentlege midlar og frivillige gåver, og derfor er det viktig at folk veit om oss. Me trur det vil styrke arbeidet vårt og føre til at fleire menneske får tilgang på språkundervisning, aktivitetar og turar, sosiale møteplassar og hjelp til å komme ut i arbeid.

Marie Jastrey Albertsen
Marie Jastrey Albertsen
marieja@omega365.com (+47) 45 41 36 38