Ide og konsept for stand

Illustrasjon av prosjeket

Etne Sparebank var i år tilbake på Etnemarknaden. I år som hovudsponsor. Me fekk ta del i prosessen med utvikle idé og konsept for å gjera Etne Sparebank lett tilgjengeleg for både eksisterande og nye potensielle kundar.

Me gjekk for ei løysing med bygging av kube som stand, som er solid i all slags vêr. Og for å få aktivitet og blest rundt standen la me opp til konkurransar og aktivitetar under marknadsdagane.

Saman med Omega Areal utvikla me skisser til standen og fekk sett i gong bygginga hjå tømrar Harald Askvik. Materiell som quiz, konkurranse, bannerar, gulvmatter, profileringsmateriell og utstyr til stand var me og med å få på plass.

Takk for spennande prosjekt og godt samarbeid!

Flyer til Instragram-konkurranse, Finn, #etnesparebank og vinn.

Finn, #etnesparebank og vinn der ein skulle ta ein selfie med ein av dei som gjekk rundt i heildressane til banken, var ein av konkurransane Etne Sparebank hadde under marknaden.
Ein solid stand med tak og vegger er god å ha i allslags ver. Her er Etne Sparebank i full sving under marknadsdagane.
Utforming og oppsett av quiz.
Mange flotte bilete i Instagram-konkurransen under Etnemarknaden.
Publisert
Maria Djuve Vågen
Publisert
12/10/2017

Fleire sakar

NOEN