Du nå kan overnatte i Åkrafjorden

Inst i Åkrafjorden finn ein unike Åkrafjorden Nature B&B.

06. august 2018

Gamle Fjæra skule har fått nytt liv som overnattingsstaden Åkrafjorden Nature B&B. Her kan dei by på unike rom prega av sterke fargar, gjenbruk av møbler, og flotte naturomgivnadar. Sidan dei opna 28. juni har dei opplevd mykje blest og fått gode tilbakemeldingar.

Me fekk jobbe med dei engasjerte gründerane for å designe og utvikle logoen og nettsida deira. Ta ein kikk på nettsida her.

Me ynskjer Åkrafjorden Nature B&B lykke til vidare!