Etnemarknaden 2018

Illustrasjon av prosjeket

Etnemarknaden er helga 10.-12. august! I år har leiinga for marknaden styrka marknadsføringa på digitale flater for å betre nå alle deler av publikummet sitt. Me har designa og utvikla ei ny nettside for arrangementet. På denne skal ein lett kunne finne praktisk informasjon og programinformasjon. Me har og fått på plass ein digital påmeldingsfunksjon for utstillarar.

For fjerde året på rad gir me ut marknadsmagasinet. I årets magasin møter du mellom anna hovudutstillar Bitta Bøthun Bjørnsdotter, etnebøndene og naboane Sjur Aakra og Magnus Osvåg Moe, gourmetlunsj-sjef Line Njåstad i portrettet, unge lovande Thomas Lien og Inger Constanse Eidhammer Lunde, som er to av fleire lokale ungdommar som mottek Team Spira-stipend frå Etne Sparebank sitt Spirafond. Her finn du og informasjon om program, Eldhugparken og arrangement for marknadshelga. Les heile magasinet her: https://issuu.com/filterdesign/docs/etnemarknaden_2018

Me vil takka Etnemarknaden for jobben med å produsere nettsida og magasinet. Med på magasinproduksjonen har me denne gong hatt Svein Egil Økland Foto og HBO AS.

Publisert
Maria Djuve Vågen
Publisert
4/9/2018

Fleire saker

NOEN