Det er få bustadar att på Roastrand

På Roastrand-feltet er det få bustadar att, og det ønskja tomteselskapet å framheve til innbyggjerane i Etne og Vindafjord kommune.

10. mars 2019

Omega Design har nylegutarbeida marknadsmateriell som rollup og brosjyre for Roa Tomteselskap.Brosjyren blei sendt ut til innbyggjerane i kommunane Etne og Vindafjordrett før jul for å nå ut og informere lokalt om bustadtilbodet på Roastrand.

Brosjyren

Brosjyren viser potensiellekjøparar kva leilegheiter og enebustadar som er att på feltet. Dette gjer denvia bilete frå både uteområde og bustadane innvendig. Informasjon om prisar ogHusbankfinansiering kjem og tydeleg fram i oppsettet av brosjyren. Brosjyren erprodusert i samarbeid med Roa Tomteselskap AS og er trykt hjå HBO.

Rollupen

Rollupen fremjar både utsikten,standarden på bustadane på Roastrand og stemninga på feltet. Her kjem det ogtydeleg fram at byggjefeltet er sentralt og ligg nær sentrum i Ølen, noko somer eit viktig salspunkt for bustadsområdet. Rollupen er produsert i samarbeidmed Roa Tomteselskap AS og er produsert hjå HBO.

Merkevarebygging

Omega Design har tatt utgangspunkti den grafiske profilen til Roastrand-feltet og utarbeida brosjyren og rollupeni tråd med resten av profileringa til byggefeltet. Dette er med å bygge oppunder merkevara «Roastrand» og bidreg til styrke namnet, assosiasjonar oginntrykk av både tomteselskapet og byggefeltet.

Tekst og foto

Både på rollup og i brosjyre erdet viktig med korte, konsise tekstar som gir den rette tonen. Teksten ibrosjyren er basert på informasjon om bustadane og prisar, men det er og eitfokus på kvifor ein bør velge å busetje seg på Roastrand. Dette er framheva med kommentarar frå dei som allereie har busett seg på feltet. Ingen sel eitbustadsfelt bedre enn dei som sjølv bur der og er nøgde med området!

Det er viktig med gode foto somfangar merksemd og som inviterar lesaren inn. Bileta som er i brosjyren og pårollupen fortel både om utsikt, miljø og atmosfære på Roastrand. Bustadane syner godt att i bileta.