Alakara tilbyr opplevelsesreiser til Uganda

Me har laga brosjyre og rollup for Alakara reiser som tilbyr fantastiske turar til Uganda.

11. mars 2019

Ingeborg og William Olukadriv reiseselskapet Alakara reiser frå Sand. Dei kjenner Uganda særs godt, ogkan difor tilby spanande og minnerike turar til det dei kallar for Afrikasperle. 

Kommunikasjonsplan

Me har vore ein sparringpartner på kommunikasjonsarbeid og planlegging, samt atme no har laga brosjyre og rollup for reiseselskapet som til dømes reiser eindel rundt på stand for å freiste fleire til å melde seg på turane. 

Brosjyre og rollup

I brosjyren viser dei fram både litt om seg sjølve, og historikken bakselskapet, samt informasjon og bilete om dei tre ulike turane som selskapet noarrangerer i 2019.

I både brosjyre og rollup blir Uganda og turane vist fram på ein fargerik ogspanande måte, målet er å vise at ein på desse turane kan oppleve alt fråsafari, til kvardagslege menneskemøte og ikkje minst at ein kan bu på gardenekteparet Oluka eig i Uganda. 

Les brosjyren her.

Me takkar for jobben og ynskjerlukke til med turane i 2019!

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59